Tips en venn    aaAA |  SIDEKART

Tips en venn

Du kan tipse andre om artikkelen ved å sende en e-post.
Felt som er markert med stjerne (*) må fylles ut. Klikk "Send tips" når du er ferdig.

For å sende til flere mottakere: separer adressene med komma.

Mottaker: *
Avsender: *
Kommentar:
 
Sikkerhetssjekk: *
(Skriv inn summen)
 
Prosjektbilde 1
Trasérapport om Vestlandsbanen over Haukeli
14.06.2013
På denne sida publiserer vi traserapporten om Vestlandsbanen over Haukeli, utarbeidd av Deutsche Bahn International (DBI).
Trasérapporten er diverre ikkje ferdig.
 
Vi publiserer no kart for heile traséen vest for Kongsberg. Karta er i målestokk 1 : 50 000, men trasséframlegget er utarbeidd på kart i målestokk 1 : 1000 (1 : 5000 der meir detaljerte kart ikkje finst.)
 
Traséframlegget har vore drøfta med mest alle kommunane som banen er tenkt å gå gjennom, noko som har resultert i fleire justeringar av tidlegare framlegg. Fleire stasjonar har blitt flytta, banen har blitt noko kortare og tillet somme stader noko høgare fart, men kostnadskalkylen er ikkje endra vesentleg.
 
Dagstrekningar er innteikna i raudt, bruer i gult, fjelltun­ne­lar i grønt, kulvertar (betongtunnelar) i cyan og overbygg i fiolett. Tunnelar og bruer som er mindre enn 25 m lange, er ikkje med på karta. Det er 1 km bane mellom blå markeringar. Tala som er oppgjevne med 5 km mellomrom, gjeld for banedistansen rekna frå Bergen (kart 1 - 15 og 33 - 55), Haugesund (kart 15 - 26) og Stavanger (kart 27 - 32). Kartutsnitta er på 10 km x 10 km. Kvar kartfil på ca. 1 MB eller mindre.
 
Illustrasjonen øvst på denne sida viser delar av tilrådd avgreining ved Nyvoll i Bø i Telemark.