Tips en venn    aaAA |  SIDEKART

Tips en venn

Du kan tipse andre om artikkelen ved å sende en e-post.
Felt som er markert med stjerne (*) må fylles ut. Klikk "Send tips" når du er ferdig.

For å sende til flere mottakere: separer adressene med komma.

Mottaker: *
Avsender: *
Kommentar:
 
Sikkerhetssjekk: *
(Skriv inn summen)
 
Prosjektbilde 1
Bra for Sverige, men høgfartsbaner er meir lønsame i Noreg
03.07.14
– Med Reinfeldt-regjeringa sitt ja til høgfartsbaner er det no brei politisk semje i Sverige om å gje landet ein moderne infrastruktur. Det bør òg vere ein inspirasjon for Noreg, seier dagleg leiar i Norsk Bane AS, Jørg Westermann, i ein kommentar.
– Men Noreg har eit langt betre utgangspunkt for lønsame investeringar. Oslo – Trondheim,  Oslo – Bergen og Oslo – Stavanger er dei mest trafik­kerte flysambanda i Europa, der køyredistansen på veg eller bane er mindre enn 500 km [1].
Ved slike dis­tansar vil høgfartstog kunne tilby minst like korte reisetider som med fly (2½ timar eller mindre), sjølv ved fleire opphald på stasjonane langs strekninga. Det gjer det mogleg å utvikle eit fleirbrukskonsept med attraktive togtilbod for mange ulike reiser og fraktoppdrag: i tillegg til snøgg og påliteleg godstransport vil jernbanen kunne tilby kon­kur­ranse­dyktige alternativ til fly og person­bil, både ved lange og regio­nale turar, og sjøv ved reisedistansar på nokre få mil. Det vil ha stor positiv verknad for trafikkpotensialet, samfunnsnytten og lønsemda til investeringane, seier Westermann.
– Slik lønsemd vil vere vanskeleg å oppnå i Sverige. Reisetida mellom Stockholm og Göteborg er t.d. no tre timar. Store delar av trafikken mellom desse to byane går med tog alt i dag. Å byggje ein heilt ny bane for å redusere reisetida til to timar, vil gje etter måten låg effekt, også fordi slike tog berre vil kunne stogge på nokre få mellomliggjande stasjonar.