Tips en venn    aaAA |  SIDEKART

Tips en venn

Du kan tipse andre om artikkelen ved å sende en e-post.
Felt som er markert med stjerne (*) må fylles ut. Klikk "Send tips" når du er ferdig.

For å sende til flere mottakere: separer adressene med komma.

Mottaker: *
Avsender: *
Kommentar:
 
Sikkerhetssjekk: *
(Skriv inn summen)
 
Åpent møte 8. juni, Lyntogforum Vestlandsbanen/Telemark
22.05.2015
Lyntogforum Vestlandsbanen over Haukeli/Telemark inviterer til ope møte:
Vestlandsbanen – smart samferdsel for samfunns- og næringsliv.

Tid: 8. juni 2015, 16:45 – 19:00

Sted: Bø rådhus, kommunestyresalen, Bøgata 7

Arrangør: Lyntogforum Vestlandsbanen over Haukeli/avd. Telemark

Påmelding: www.norskbane.no/VestlandsbanenTelemark

 

Seminaret er gratis.

 

 

Program ope møte:

16:45               Velkomen. Presentasjon av Lyntogforum Vestlandsbanen over Haukeli

Olav Kasland, ordførar i Bø/AU i Lyntogforum Vestlandsbanen i Telemark.

 

16:55               Vestlandsbanen over Haukeli, med Telemarkslinken til Grenland, Vestfold, Sørlandet. Eit nøkkelprosjekt regionalt og nasjonalt.

                        Thor W. Bjørlo, kommunikasjonssjef i Norsk Bane, sekretær Lyntogforum Vestlandsbanen

 

17:35               Lei av å vente på klimakutt og toget. Ta grep, med høyhastighetsbaner, nå!

                        Gaute Eiterjord, andre nestleiar i Natur og Ungdom.

 

17:55               Pause/beinstrekk

 

18:00               Bygg landet. Bygg høyhastighetsbaner.

                       Ola Elvestuen, leiar av Miljø- og energikomiteen på Stortinget, første nestleiar i Venstre.

 

18:30               Mobilisering viktig for realisering

                        Korte innlegg ved lokale representantar for nærings- og samfunnsliv.

 

18:45               Spørsmål, debatt, oppsummering
 
 
Last ned pdf-en med helhetlig invitasjon her: www.norskbane.no/LyntogforumTmrkOpeMote8juni2015
 

Lyntogforum Vestlandsbanen over Haukeli blei starte rett før sommaren 2014 for å arbeide for Vestlands­banen over Haukeli; høgfartsbane Oslo – Bergen, Haugesund, Stavanger via Telemark, i eit fleirbrukskonsept for både langdistanse-, regional- og gods­tra­fikk. Frå Norsk Bane si utgreiing med Deutsche Bahn International har vi detaljerte traséframlegg og drifts­- og samfunnsøkonomiske analysar ­med svært positive resultat. Det er no opp til samfunns- og næringsliv langs traséen å bidra til mobilisering for realisering. Innan utgangen av 2014 hadde Lyntogforum Vestlands­banen over Haukeli alt vakse til 76 medlemmar, med 21 kommunar og 55 bedrifter/organisasjonar, med fylkesvise avdelingar i Hordaland, Rogaland og Telemark.

 

Etter støtte frå Telemark fylkeskommune, har Norsk Bane vidareført utgreiinga av Vestlands­banen med ein forbindelse mellom Bø/Notodden og Grenland, Vestfold­banen og ny Sørlandsbane langs kysten. Dette in­kluderar Grenland, Vestfold og Agder i Vestlandsbanen, binder saman nesten heile fylket internt, med nabofylka og Noreg elles, med svært raske reisetider og høg frekvens i et nettverk som vil gi store ringverknader og utviklingspotensial.

 

For meir informasjon:

Nøkkelinformasjon om Vestlandsbanen: www.norskbane.no/VestlandsbanenPaEiSideTm

Telemarkslinken: www.norskbane.no/Telemarklinken