

Norsk Bane AS med forprosjekt om bybane i Ålesund
29.10.2015
På Moakonferansen 2015 i Ålesund i dag, fekk Norsk Bane AS høve til å presentere ei rykande fersk utgreiing om bybane i Ålesund. Forprosjektet er gjennomført på oppdrag frå Daaekvartalet Kompetanse AS, som òg er arrangør for Moakonferansen.
På Moakonferansen 2015 i Ålesund i dag, fekk Norsk Bane AS høve til å presentere ei rykande fersk utgreiing om bybane i Ålesund. Forprosjektet er gjennomført på oppdrag frå Daaekvartalet Kompetanse AS, som òg er arrangør for Moakonferansen.
Det var
kommunikasjonssjef Thor Bjørlo som kunne overrekke en 60 siders rapport til Inger Johanne Langeland i Daaekvartalet Kompetanse AS (sjå biletet), og samstundes gje ei orientering til dei om lag 300 frammøtte
på Moakonferansen om hovudkonklusjonane
av arbeidet.
Det som gjer
Ålesund særs interessant for ei bybane, er byen sin bandform. Nesten alle bustader,
arbeidsplassar, servicetilbod og aktivitetar i Ålesund er konsentrerte til eit
smalt belte mellom Hessa og Magerholm, med Ålesund sentrum og Moa som to tyngdepunkt. Det inneber kort avstand mellom aktuelle bybanestasjonar og svært
mange viktige reisemål. Samstundes går store delar av trafikken langs denne
eine aksen – eit ideelt utgangspunkt for eit attraktivt kollektivtilbod.
Men det er sjølvsagt mange spørsmål å gje svar på. Vil ein bybane i Ålesund kunne ha tilstrekkeleg mange passasjerar til å vere økonomisk forsvarleg. Finst det plass til spora? Og kva er med finansieringa?
Rapporten tek op eit breitt spekter av relevante spørsmål som er knytte til ein bybane i Ålesund. Hovudkonklusjonen er at det er mange gode føresetnader for å kunne gje positive svar, og at det er viktig å gå vidare frå forprosjektet til ei meir detaljert utgreiing.