Tips en venn    aaAA |  SIDEKART

Tips en venn

Du kan tipse andre om artikkelen ved å sende en e-post.
Felt som er markert med stjerne (*) må fylles ut. Klikk "Send tips" når du er ferdig.

For å sende til flere mottakere: separer adressene med komma.

Mottaker: *
Avsender: *
Kommentar:
 
Sikkerhetssjekk: *
(Skriv inn summen)
 
Vedtekter
§ 1
Selskapet heiter Norsk Bane AS.

§ 2
Selskapet har forretningskontoret sitt i Ålesund.

§ 3
Selskapet har til føremål å planleggje og realisere eit høgfarts-banenett i Noreg og gjennomføre dei tiltaka som synest nødvendige for å kunne oppnå dette. Høgfartsbanen over Haukeli er eit nøkkelelement. Selskapet kan selje jarnbanefagleg kompetanse.

§ 4
Selskapet sin aksjekapital er kr. 10.159.000 – ti millionar og eithundreog femtinitusen norske kroner – fordelt på 10.159 aksjar à kr. 1.000. Alle aksjane har dei same rettane i selskapet og skal lyde på namn. Aksjane skal ikkje vere registrerte i Verdipapirsentralen.

§ 5
Ingen aksjonær kan eige meir enn 33 % av aksjekapitalen. Ei endring av dette punktet krev 90 % tilslutning av den aksjekapitalen som er representert på generalforsamlinga.

§ 6
Styret skal godkjenne eitkvart eigarskifte av aksjar. Styret skal ta avgjerd om samtykke så snart som råd er etter at den nye eigaren har meldt eigarskiftet til selskapet. Styret kan berre nekte samtykke når ein har saklege grunnar for det. Styret kan ikkje nekte samtykke ved eigarskifte ved arv eller på annan måte når den nye eigaren er den tidlegare eigaren sin personlege nærståande eller slektning i rett opp- eller nedstigande line. Styret skal utan grunnlaus venting orientere den nye eigaren om avgjerda. Dersom styret ikkje godkjenner eigarskiftet, skal ein grunngje avgjerda og orientere den nye eigaren om kva som er påkrevd for å kunne oppnå samtykke. Dersom den nye eigaren ikkje innan to månader etter at melding om eigarskiftet kom inn til selskapet, har vorte orientert om at samtykke er nekta, kan ein gå ut frå at eigarskiftet er godkjent.

§ 7
Ved eigarskifte av aksjar har andre aksjonærar ikkje nokon forkjøpsrett.

§ 8
Styret for selskapet skal ha 3 – 9 medlemar etter nærare avgjerd i generalforsamlinga. Ein vel styret for to år om gongen. På stiftingsmøtet vel ein halvparten av styremedlemane for eitt år, de andre for to år.
Generalforsamlinga kan oppnemne ei valnemnd på 3 til 5 personar som skal kome til neste generalforsamling med framlegg til nytt styre og ny val­nemnd.
To styremedlemmer kan i fellesskap teikne selskapet sitt firma.
Styret kan meddele prokura.

§ 9
Kvart år held ein ordinær generalforsamling innan utgangen av juni månad. Generalforsamlinga skal handsame følgjande saker:
1. Fastsetjing av resultatreknskap og balanse.
2. Bruk av overskot eller dekning av underskot i samsvar med ein fastsett balanse, samt utdeling av utbyte.
3. Val av styre.
4. Andre saker som etter lov eller vedtekter høyrer under generalforsamlinga.

§ 10
Ein viser elles til den til eikvar tid gjeldande aksjelovgjevinga.