– Men Noreg har eit langt betre utgangspunkt for lønsame investeringar. Oslo – Trondheim, Oslo – Bergen og Oslo – Stavanger er dei mest trafikkerte flysambanda i Europa, der køyredistansen på veg eller bane er mindre enn 500 km [1].
Ved slike distansar vil høgfartstog kunne tilby minst like korte reisetider som med fly (2½ timar eller mindre), sjølv ved fleire opphald på stasjonane langs strekninga. Det gjer det mogleg å utvikle eit fleirbrukskonsept med attraktive togtilbod for mange ulike reiser og fraktoppdrag: i tillegg til snøgg og påliteleg godstransport vil jernbanen kunne tilby konkurransedyktige alternativ til fly og personbil, både ved lange og regionale turar, og sjøv ved reisedistansar på nokre få mil. Det vil ha stor positiv verknad for trafikkpotensialet, samfunnsnytten og lønsemda til investeringane, seier Westermann.
– Slik lønsemd vil vere vanskeleg å oppnå i Sverige. Reisetida mellom Stockholm og Göteborg er t.d. no tre timar. Store delar av trafikken mellom desse to byane går med tog alt i dag. Å byggje ein heilt ny bane for å redusere reisetida til to timar, vil gje etter måten låg effekt, også fordi slike tog berre vil kunne stogge på nokre få mellomliggjande stasjonar.