Lillehammer Næringsforum inviterer til ope informasjons- og diskusjonsmøte om Nye muligheter for jernbanen i Mjøsområdet og Gudbrandsdalen. Møtet byrjar tysdag, 02.06.09 kl. 18:30 på Høgskolen i Lillehammer, Auditorium B. Direktør i Deutsche Bahn International, Berthold Krall, prosjektleiar for utgreiinga av høgfartsbaner i Noreg, Ottmar Grein, og transportøkonom Michel Engelskirchen orienterer om planane for ny høgfartsbane Oslo-Trondheim (på engelsk) og svarer på spørsmål. For Norsk Bane AS stiller kommunikasjonssjef Thor Bjørlo og dagleg leiar Jørg Westermann.
Dagen etter blir det møte i Stavanger. Vi kjem attende med meir info så snart detaljane er klare.