Her er notatet til nedlasting.
Og her er kartet! (6 MB).
Vi vil gjerne gjere merksam på at dette er berre eit mogeleg alternativ, og at det finst fleire og truleg betre løysingar.
Notatet vårt er referert i Østlandets Blad i dag, sjå
https://www.oblad.no/ostre-linje/ski-stasjon/norsk-bane-as/her-er-losningen-som-alle-onsker-bortsett-fra-bane-nor/s/5-68-541995 (betalingsmur)
Som eit lite apropos til kommentarane frå Bane Nor viser vi her ei skisse som var del av vår presentasjon for Jernbaneverket (no Bane Nor) den 16.10.2012. På dette tidspunktet var det framleis fullt mogeleg å endre planane for Follobanen. Dersom Jernbaneverket hadde gjort det og realisert eit sporsystem i tråd med skissa til høgre (som for det meste ligg i tunnel), ville ein fått ei god løysing for tilknyttinga av Østre linje og unngått heile den aktuelle problemstillinga. Og meirkostnaden ville vore mindre enn det som no vil vere nødvendig.