Norsk Bane AS skreiv i slutten av januar eit brev til Stortinget og Samferdsledepartementet og bad om ein grundig gjennomgang av situasjonen.
Det er no ein stor risiko for tilleggsinvesteringar på fleire titals milliardar kroner for å rette opp dei alvorlege funksjonsmanglane til Follobaneprosjektet. Prosjektet gjev ikkje noka løysing for godstogtrafikken, høver dårleg for langdistansetrafikken og løyser ikkje problema på strekningane Ski-Moss og Ski-Mysen.
Men på grunn av utsett baneopning finst det no eit godt høve til å rette opp desse manglane til ein rimeleg kostnad. Men det hastar!
Last ned brevet vårt av 31.01.19 til Stortinget og Samferdsledepartementet
Last ned svaret frå departementet av 18.03.19
Sjå oppslaget i "Byggeindustrien" av 27.03.19
Bildet viser Østfoldbanen ved Solbråten som er ein av dei mange stadene der spora går midt mellom bustadområde. Det er ikkje noka god løysing for godstogtrafikken, særleg når Stortinget ønskjer at store delar av godsfrakta på veg skal bli overførd til sjø og bane.