Utgreiinga vart gjennomført på oppdrag frå Norsk Bane AS og femner m.a. om ei avgreiing til Jevnaker – som trasé for ei Ringeriksbane til Hønefoss, og vidare til Modum / Eiker og Hallingdalen / Hordaland.
Etter opninga ved fylkesvaraordførar i Oppland, Ivar Odnes, presenterte Deutsche Bahn sin prosjektleiar, Ottmar Grein, hovudresultata av utgreiingsarbeidet for dei om lag 70 frammøtte. Prosjektet er lønnsomt. Deutsche Bahn sine økonomiske kalkylar viser at byggjekostnadene på ca. 30 mrd. kr vil la seg betale attende i løpet av 30 års drift med overskotet frå gods- og persontrafikken. I tillegg kjem store vinstar for miljø, næringsliv og samfunnet elles.
Dagleg leiar i Norsk Bane AS, Jørg Westermann, gjekk gjennom det detaljerte framlegget til trasé. Reisetida Oslo – Gjøvik vil kome på 39 minutt, inkludert opphald på to av dei i alt åtte, planlagde stasjonane på strekninga. Til Lillehammer vil det ta 15, og til Hamar 22 minutt.
Så var det Thor Bjørlo sin tur. Han er kommunikasjonssjef i Norsk Bane AS og gjorde greie for fleirbrukskonseptet som både Deutsche Bahn og Stortinget har tilrådd i 2009. Attraktive togtilbod for både langdistanse-, regional- og godstrafikk vil gje grunnlag for god økonomi, hyppige avgangar frå mange stasjonar og stor samfunnsnytte.
Samfunnsnytten, og då særleg med tanke på næringsutvikling, var òg tema for Terje Solheim sitt innlegg. Solheim er dagleg leiar for Mustad Næringspark – som med Deutsche Bahn sitt framlegg til sporlokaliseringa i Gjøvik berre vil liggje eit steinkast frå stasjonen.
Frokostseminaret vart avslutta med spørsmål og kommentarar, og ei klår og positiv oppsumering frå møteleiar og avtroppande regionrådsleiar, Stein Knutsen.
*
Planlagde stasjonar (frå sør mot nord):
Nittedal
Harestua
(Jevnaker)
Grua
Roa
Gran
Jaren
Eina
Raufoss
Gjøvik
Moelv
Lillehammer... / Brumunddal ...
Banelengde Oslo S – Moelv (forgreining ved Tolvstenene): 129,7 km
(24,55 km kortare enn via Gardermoen og Hamar etter Deutsche Bahn sitt framlegg for ny høgfartsbane)
Avgreing til og frå Gjøvik stasjon: 7,7 km
Avgreining til Moelv stasjon, retning Hamar: 4,4 km
Avgreining til Jevnaker: 18,3 km
Avgreining til Alnabru: 1,7 km
Byggjekostnad: ca. 30 mrd. kr.
Tunneldel: 40,6 % for Oslo S - Moelv, 71,1 % for Bjørgeseter - Jevnaker og 47,4 % som gjennomsnittet for heile prosjektet.
Bildet, © Norsk Bane AS, viser planovergangen over Gjøvikbana ved Eina. Høgfartsbana er planlagt vest for tettstaden og vil ikkje ha ein einaste planovergang.