Vi forstår Senterpartiet sitt initiativ som eit ønskje om ei meir heilskapleg tenking om jernbanen. SP vil - i tråd med Hurdalsplattforma - bort frå oppsplitting og konkurranse. Då har ein ikkje bruk for ein etat som primært blei skipa for å organisere tilbodstevlingar. Men vegen til ei funksjonell organisering av jernbanen i Noreg er likevel lang, og krev meir enn berre å avvikle overflødige etatar.

Det er til dømes verdt å sjå nærare på Bane Nor sin dobbeltfunksjon. Etaten er både eigedomsutviklar og ansvarleg for jernbanen sin infrastruktur. Der kan det lett oppstå uheldige interessemotsetnader. I Moss har Bane Nor til dømes fått lov til å rive ein heil bydel (nær 90 hus) for å byggje ny bane, mellom anna i ein underjordisk betongtunnel i kvikkleire. Dersom prosjektet faktisk skulle bli mogeleg å fullføre på forsvarleg vis ein dag på 2030-talet, vil Bane Nor – som eigedomsutviklar – kunne bokføre betydelege verdiar, sidan dei då vil eige store, attraktive areal i sentrum av Moss. Vi har ikkje grunn til å tru at utsiktene til eigedomsutvikling i Moss har vore medverkande til Bane Nor si tilråding om ny trasé for jernbanen, men meiner likevel at eit organisatoriske skilje vil vere nyttig for å unngå den type mistankar.

Ei anna viktig politisk oppgåve blir å få orden på planarbeidet for jernbanen. For dei som er opptekne av klima, natur og miljø, og som arbeider for reelle alternativ til øydeleggjande motorvegbygging, må det vere sårt å vere vitne til mange av dei planlagde eller gjennomførde baneprosjekta. Det gjeld mellom anna for nye spor i verna våtmark (Hole og Ringerike), fuglefredingsområde (Vorma i Eidsvoll), viktige strandsoner og friluftsområde (Mjøsa, Eidsvoll og Stange) og tvers gjennom heile bydelar (Moss, Larvik, m.m.). Her er det spesielt urovekkjande at det ikkje er gjennomført tilstrekkelege analysar av alternativ. Kan det hende at ein systemfeil gjer seg gjeldande?

Det må òg vere ein tankekross at banebygging i Noreg fleire stader er tre til fem gongar dyrare enn banebygging i utlandet, sjølv i liknande terreng og ved elles samanliknbare tilhøve. Mange baneinvesteringar har òg underleg liten effekt. Her er det mykje som er viktig å ha undersøkt og finne konstruktive løysingar på. Slike løysingar bør bli utvikla i dialog med dei det gjeld, men vil òg kunne femne om organisatoriske endringar og tiltak til etablering av nye «kulturar».

Vi vil difor gje honnør til Senterpartiet for eit viktig initiativ i dag og ser fram til vidare oppfølging.

Biletet er teke i 2012 ved Dytterud i Eidsvoll kommune. I dag er bygningane fjerna og ein ny, dobbeltspora bane er i ferd med å ta form, for ein stor del på fylling i fuglefredingsområdet i Vorma (særleg utanfor høgre biletkant).