Jostein Soland er kjend for eit sterkt samfunns- og næringspolitisk engasjement, ikkje minst frå tida som administrerande direktør i Næringsforeningen i Stavanger-regionen gjennom nærare 20 år. No tek han på seg nye oppgåver som styreleiar for Norsk Bane AS. 

Selskapet arbeider for tida med å finansiere ei ny og oppdatert utgreiing om Vestlandsbanen over Haukeli og tek sikte på å levere eit veldokumentert materiale før Stortinget si handsaming av ny Nasjonal transportplan på våren 2024. 

Dette prosjektet, og andre aktuelle delprosjekt i eit nasjonalt og nordisk nett av høgfartsbaner, er Soland godt kjend med. Han forstod tidleg den store betydninga eit energi- og arealsparande, trygt og klimanøytralt transportsystem for svært korte reise- og frakttider vil ha for verdiskaping, busetjing og samfunnsutvikling, og arrangerte fleire konferansar og møte om dette. No får Soland ei ny rolle i arbeidet for ein slik framtidsretta samferdslepolitikk.

Soland tek over etter Kjell Stundal som blei styreleiar i tidlegare "Sørnorske Høgfartsbaner" i 1998 og i Norsk Bane AS sidan skipinga i 2002. Mellom 2008 og 2012, då Stundal var styreleiar, fekk Norsk Bane AS mellom anna gjennomført ei omfattande høgfartsutgreiing i regi av Deutsche Bahn International. Denne utgreiinga var sterkt medverkande til Stortingsvedtaket i 2009 om at "videre utredninger skal ha bygging av høyhastighetsbaner som siktemål." Men vedtaket blei diverre ikkje følgt opp. No kan det opne seg nye perspektiv med ei ny utgreiing!

Dette er det nyvalde styret i Norsk Bane AS:

Jostein Soland, leiar, Stavanger
Jan Ludvig Andreassen, nestleiar, Oslo
Renate Nedregård, Bergen
Bente Lund Jacobsen, Ålesund
Tove Mette Bjørkmo, Sortland
Heidi Bjerga, Sandnes
Gunhild Moe, Suldalsosen
Stian Hauge, Kviteseid
Kjetil Birkeland Daatland, Bergen