Norsk Bane AS ser positivt på at Stortinget ønskjer å forsere plan- og realiseringsarbeidet. Selskapet byrja difor alt for mange år sidan med å utarbeide svært detaljerte framlegg til lineføring for om lag to tusen kilometer ny bane i Noreg. I dag rår ein over omfattande kunnskapar og datasamlingar om aktuelle og mindre aktuelle høgfartstraséar i Noreg.
Dette materialet vil Norsk Bane AS kunne stille til rådvelde for eit forsert planarbeid. Slik vil ein kunne korte inn realiseringsprosessen med opp til fleire år. For selskapet har ikkje berre gjennomført granskingar på eiga hand, men svært mange stader òg hatt drøftingar med lokalsamfunna. Denne dialogen med grunneigarar, styresmaktar og lokalbefolkninga har vore ein avgjerande ressurs. Den har tilført traségranskingane viktig og verdfull informasjon om verneverdige natur- og kulturkvalitetar, rasfarlege område, regionale samferdslemønstre og andre lokale tilhøve med stor betydning for å utvikle gode baneløysingar. Samstundes har eit utstrekt informasjonsarbeid medverka til god lokal innsikt og eit breitt engasjement for å realisere høgfartsbaner i Noreg. Det er ikkje tilfeldig at ein finn det sterkaste engasjementet for høgfartsbaner nett i dei landsdelane der Norsk Bane AS har hatt den mest intensive dialogen om konkrete traséløysingar. Det er også der ein har gjort mest, ikkje minst gjennom kommunale planvedtak, for å hindre at dei gunstigaste banetraséane vert nytta til bustader, industritomter eller vegføremål.
Stortinget gjer klokt i å ikkje ville utelukke einkvar statleg reguleringsplan. Men det viktigaste er no å organisere ein prosess som tryggjer god framdrift i realiseringsarbeidet. Det skjer best når ein kompetent plan- og realiseringsorganisasjon med klåre nasjonale mål og omfattande detaljkunnskapar har eit utstrekt samspel med lokalsamfunna. Berre slik vil ein kunne hente inn all nødvendig informasjon om lokale tilhøve, tryggje brei aksept for lineføringene og få dei nødvendige avklaringane og vedtaka på kortast mogeleg tid. Dei første banene kan kome i drift i god tid før 2020.
Det føreset at lokalsamfunna kjenner seg verdsette og at ein respekterer den kommunale avgjerdsmynda. Ein statleg reguleringsplan må aldri bli anna enn ei unnataksløysing. Dette er òg nedfelt i plan- og bygningslova. Norsk Bane AS er difor mest oppteke av å få medverke til etableringa av ein plan- og realiseringsorganisasjon der ein saman med Jernbaneverket og andre, og i eit intensivt samarbeid med aktuelle kommunar utviklar konkrete løysingar for eit nett av høgfartsbaner i Noreg. Det er dette som haster mest.