Det var kommunikasjonssjef Thor Bjørlo som kunne overrekke en 60 siders rapport til Inger Johanne Langeland i Daaekvartalet Kompetanse AS (sjå biletet), og samstundes gje ei orientering til dei om lag 300 frammøtte på Moakonferansen om  hovudkonklusjonane av arbeidet.
 
Det som gjer Ålesund særs interessant for ei bybane, er byen sin bandform. Nesten alle bustader, arbeidsplassar, servicetilbod og aktivitetar i Ålesund er konsentrerte til eit smalt belte mellom Hessa og Magerholm, med Ålesund sentrum og Moa som to tyngdepunkt. Det inneber kort avstand mellom aktuelle bybanestasjonar og svært mange viktige reisemål. Samstundes går store delar av trafikken langs denne eine aksen – eit ideelt utgangspunkt for eit attraktivt kollektivtilbod.
 
Men det er sjølvsagt mange spørsmål å gje svar på. Vil ein bybane i Ålesund kunne ha tilstrekkeleg mange passasjerar til å vere økonomisk forsvarleg. Finst det plass til spora? Og kva er med finansieringa?
 
Rapporten tek op eit breitt spekter av relevante spørsmål som er knytte til ein bybane i Ålesund. Hovudkonklusjonen er at det er mange gode føresetnader for å kunne gje positive svar, og at det er viktig å gå vidare frå forprosjektet til ei meir detaljert utgreiing.