Norsk Bane AS går grundig gjennom grunnleggjande krav til eit funksjonelt transportsystem for personar og gods og utviklar framlegg til korleis ein kan rette opp dei alvorlege manglane til Follobanen. Ein forklarar òg korleis planarbeidet til Bane Nor for både Follobanen og tilknyttinga av Østre linje kunne kome så skjeivt ut som det har gjort. Rapporten inneheld detaljerte planframlegg for delar av dei nødvendige kompletteringane, drøfter ein rad med alternativ og dreg opp retningslinjer med stor betydning for heile Østfoldbanen. Ein går òg gjennom aktuelle investeringar for høgfartsbaner via Lillestrøm.

Last ned rapporten her.

Rapporten er den førebels siste i ein serie med rapportar om ein høgfartsbane Oslo-Stockholm, sjå Utredning Oslo - Stockholm, stadig mer kunnskap. Arbeidet er finansiert med tilskot frå Grensekomitéen Värmland-Østfold og ei rekkje lokale og regionale bidragsytarar.

Kartutsnittet øvst i oppslaget viser ein del av ei tilrådd avgreining frå Follobanen. © Kartverket. Her er det same kartet med større oppløysing.