Den nye, dobbeltspora høgfartsbanen er dimensjonert for opp mot 350 km/t og har 14 større bruer med ei samla lengd på 3,9 km og ni tunnelar på til saman 4,9 km. Strekninga går stort sett gjennom ganske enkelt terreng, med mykje tørr sand, og er ikkje planlagd for godstrafikk. Banen har heller ikkje skjener på ein betongbane, men på sviller i pukk. Ein kan difor ikkje utan vidare bruke byggjekostnaden på 89 mill. kr per km bane (sjå http://prensa.adifaltavelocida... , ved 1 Euro = 11 NOK) som referanse for baneprosjekt i Noreg, også av di lønsnivået er noko høgare enn i Spania. 

På norske strekningar på stabil undergrunn og med få bruer og tunnelar, slik dei til dømes er planlagde for Vestlandsbanen i delar av Tysvær og Vindafjord kommune i Nord-Rogaland eller undersøkte på sørsida av ein tunnel under Saltfjellet i Nordland, vil ein likevel kunne rekne med byggjekostnader på under 150 mill. kr pr. km bane.

Kostnaden til den nye høgfartsbanen i Spania harmonerer elles godt med røynslene frå andre baneprosjekt i Europa. Kostnadene ligg ofte på om lag 150 - 250 mill. kr per km bane, men ved vanskelege grunnforhold og/eller mange tunnelar og bruer kan kostnadene overstige 300 mill. kr per km bane. Det er likevel berre ein brøkdel av summane på 800 - 1500 mill. kr per km bane, som Bane Nor opererer med for nye spor i tidlegare Østfold fylke. Sjå også "Korleis stanse sløsing og feilinvesteringar?"

Figuren nedanfor viser kostnadstal for nokre fullførde baneprosjekt i Sverige, Spania, Frankrike og Tysland, opna det siste tiåret, med banelengder, opningsår og kostnad per km dobbeltspora bane. Oppgåvene i Euro eller svenske kroner i rekna om til norske kroner med vekslingskursen i opningsåret og framskrivne til 2019 med norsk byggjeprisindeks for veganlegg.

Her er kjeldene, med einskilde kommentar.

Byggjekost.gif


Kostnadene for den nye spanske høgfartsbanen og for andre, liknande banesamband viser òg at banebygging i enkelt terreng og på stabil undergrunn som oftast vil koste under halvparten av å byggje banen på bru på slik terreng, slik det blir argumentert for frå einskilde hald. Samstundes må ein for baner på bru over enkelt og stabilt terreng rekne med minst dobbelt eller tre gongar så store utslepp av klimagassar i byggjeperioden som for banesamband nær bakkenivå. 

Biletet øvst i oppslaget viser det spanske høgfartstoget S102 nokre mil nord for Málaga, på ein annan av dei mange høgfartsbanene i Spania. Her er ein versjon av biletet med større oppløysing.