Tidlegare leiar i Bedre Byutvikling Moss, Jonathan Parker, er inne på dette i eit innlegg i Byggeindustrien i dag. Han håpar at Bane NOR no vil revurdere dei særs risikofylte planane for ny jernbane gjennom kvikkleireområde i Moss, og meiner Bane NOR bør «straks engasjere Norsk Bane AS til å videreutvikle tryggere, raskere og billigere banealternativer som de allerede har utredet gjennom Moss.»

Vi kan her stadfeste at vi er komne langt nok til å kunne presentere fire ulike planframlegg i tillegg til framlegget vårt frå oktober 2017 for ein bane med stasjon på Myra. Delar av desse fire framlegga er utarbeidde med den same høge detaljeringa som planframlegget vårt frå 2017, medan andre delar er førebels meir på skissenivå.

Dette er ikkje noko nytt. Alt i februar i fjor sende vi eit brev til dåverande statsråd Knut Arild Hareide i Samferdsledepartementet og informerte han om at vi i dei seinare åra har «kunne identifisere fleire, justerte traséalternativ for ny jernbane i Moss» og håpa «på ein konstruktiv dialog om mogelege løysingar». Desse alternativa inkluderer òg planar for ein ny rv 19 og for bruken av tunnelane som no er under bygging, og vil truleg kunne redusere dei samla kostnadene med om lag 10 milliardar kroner. 

Hareide tok ikkje imot invitasjonen, men om statsråd Nygård, Jernbanedirektoratet, Bane NOR eller Moss kommune ønsker å gjere seg kjende med mogelege alternativ for ei framtidsretta løysing og medverke til vidare konkretisering i dialog med relevante partar, vil vi sjølvsagt gjere vårt, også gjerne i samarbeid med andre.


Biletet er frå Værla i Moss, teke i april 2019, slik det såg ut etter rivinga av ein heil bydel.