I desember 2017 vedtok Stortinget å starte arbeidet med ein ny, dobbeltspora bane mellom Sandbukta og Såstad i dåverande Moss og Rygge kommunar, basert på ei kostnadsramme på 9,5 mrd. kr [1].  Denne føresetnaden har blitt broten fleire gongar. I juni i år aksepterte Stortinget å heve kostnadsramma til 13,3 mrd. kr [2], men alt i august varsla Bane Nor at ein vil måtte rekne med ytterlegare overskridingar. Bane Nor forklarer dette med dei ekstremt kompliserte og svært uoversiktlege grunntilhøva nær hamna i Moss, men det er noko som Bane Nor har visst om lenge. Seinast når Bane Nor, i mangel på andre tilbod, måtte inngå ein kontrakt med ein entreprenør som får betalt for materialet og tida han treng, må ein ha forstått at kostnadene til prosjektet er ute av kontroll.

Statsråd Hareide har tidlegare vist handlekraft og stogga den ukontrollerte kostnadsspiralen for Bane Nor sine planar i Fredrikstad og Sarpsborg. Noko anna var rett og slett ikkje forsvarleg. Spørsmålet er no kor lenge Hareide vil vente i Moss. Tida går, og kvar dag blir det brukt store summar til byggjearbeid. Men i det mest kritiske området har ein ikkje kome lengre enn til førebuingane. Om det i det heile vil vere mogeleg å byggje banen som planlagt, er det ingen som veit. Kan hende statsråden bør be om ei uhilda risikovurdering - for det er for seint?

Sjå også "Stopp galskapen i Moss" i Nationen, 29.09.2020, og "Håper inderlig at jernbaneutbyggingen i Moss ikke ender med en stor ulykke" i Moss Avis 24.11.2020 (bak betalingsmur)

1. Sjå https://www.banenor.no/Prosjek... Kostnadsramma tyder at det berre skal vere 15 % risiko for overskridingar av kostnadsramma. Styringsramma var sett til 8,676 mrd. kr, men då kan det vere opp mot 50 % risiko for overskridingar.

2. Sjå https://www.stortinget.no/no/S...

Biletet viser Moss stasjon og nærliggjande bustader før mange av dei blei rivne i 2018.