Jostein Soland hadde eit klårt blikk for dei lange linjene, og var ein meistar i å ordleggje seg både diplomatisk og tydeleg. Han torde òg å satse på det han meinte var viktig.

Jostein Soland kunne sine saker, formidla visjonar og la fram sylskarpe analysar med mild Rogalands-dialekt. Han var ein briljant kommunikator og fekk alle til å kjenne seg velkomne. Jostein Soland sette spor etter seg; i samfunnet, i organisasjonane han var aktiv i, og i folk han møtte.

Vi i Norsk Bane AS hadde gleda av å bli kjende med Jostein Soland for om lag 20 år sidan. Han var då direktør i Stavanger Næringsforening og forstod straks kva eit moderne banenett for raske tog ville bety for Vestlandet og resten av Noreg. Han tileigna seg raskt betydelege kunnskapar.

Jostein Soland opna dørene i næringsforeininga for orienteringar, slik at medlemane kunne gjere seg kjende med planane våre og dei svært positive konklusjonane som dåverande Deutsche Bahn International (DBI) hadde kome til i utgreiinga deira om høgfartsbaner i Norge, på oppdrag av Norsk Bane AS.

Jostein Soland lukkast òg i å utvikle eit godt samarbeid med næringsforeiningar i andre delar av landet. Mellom 2009 og 2012 arrangerte næringsforeiningane i Stavanger, Haugesund, Bergen, Kristiansand, Ålesund og Oslo, med Jostein Soland som primus motor, fleire større møte om høgfartsbaner, med representantar frå DBI og mange andre kunnskapsrike innleiarar. Jostein Soland var gjennom mange år ein verdfull og kompetent ambassadør for ei ambisiøs og framtidsretta satsing på jernbanen i Noreg

I juni 2023 valde generalforsamlinga i Norsk Bane AS Jostein Soland til styreleiar. På dette tidspunktet hadde vi kome langt i å førebu ei ny utgreiing om Vestlandsbanen over Haukeli, men var ikkje heilt i mål. Jostein Soland sin innsats var avgjerande for å få dette i hamn. Og i et større oppslag i Stavanger Aftenblad 03.09.2023 trakk han fram arbeidet for Vestlandsbanen som sitt siste store oppdrag.  

Hausten 2023 og våren 2024 leia Jostein Soland styrearbeidet med stødig hand og hans verdfulle politiske og mellommenneskelege innsikt. Framleis sprudlande vital, full av verketrong, humor, vitelyst og skaparvilje. Hausten 2024 blei han diverre sjuk og måtte be om permisjon. Likevel følgde han arbeidet tett og gav mange gode råd.

Jostein Soland  har gjort mykje for oss og andre, og vore ein inspirator i mangt og mykje. Vi er takksame for den tida og det samarbeidet vi fekk ha med han. Vi, og mange andre, saknar han djupt. Varme tankar går difor òg til familien, som han sette så høgt. 

Norsk Bane AS

     Thor W. Bjørlo og Jørg Westermann

Biletet er teke på Rosenkildehuset i Stavanger i 2009, under eitt av møta som Jostein Soland (nr. 2 frå venstre) fekk arrangert for Stavanger Næringsforening. Der står Jostein Soland saman med Michael Engelskirchen, Ottmar Grein og Berthold Krall (alle tre frå Deutsche Bahn International, til høgre for Soland), Thor W. Bjørlo (lengst til høgre) og Jørg Westermann (lengst til venstre).

Fotograf: Fredrik Refvem / Stavanger Aftenblad. Fotografen gav samtykkje til at Norsk Bane AS kan bruke biletet i denne samanhengen.