Den 4.12.09 stadfesta eit breitt fleirtal i Transport- og kommunikasjonskomitéen vedtaka i Nasjonal Transportplan 2010 – 2019 (NTP) om høgfartsbaner, og uttrykte seg på fleire punkt endå tydelegare enn før. Stortinget framhevar no at hastighetsdimensjoneringen for nye linjer og strekninger som kan tenkes å inngå i et framtidig høyhastighetsnett, skal være minimum 250 km/t og at utredninger med bygging som siktemål skal gjennomføres raskt og bli styrde av ein eigen prosjektorganisasjon.
Dette er vedtak som har vidtfemnande og svært positive konsekvensar for den framtidige banebygginga i Noreg. Stortinget har i realiteten avverga feilinvesteringar for titals milliardar kroner. Likevel er ikkje eitt ord av dette referert i LO-magasinet sitt oppslag, sjå http://www.aktuell.no/aktuell_for_njf/article4754698.ece! Fagredaktøren vel i staden å framstille Stortinget sine varsame ønskje om ytterligere utredninger, vedteke i desember 2007 (!) som om dei blei vedtekne for nokre dagar sidan. Dette er rett og slett sitatfusk!
Endå meir spesielt blir det heile når ein ser at fagredaktøren brukar rikeleg med spalteplass for å gjengje ein mindretallsmerknad som berre fekk tilslutnad frå Framstegspartiet sine medlemar i Transport- og kommunikasjonskomitéen. Denne merknaden er ikkje anna enn ei avskrift av eit debattinnlegg frå Per Sandberg, publisert i Jernbanemagasinet 8/2009 i oktober i år. Innlegget er grovt usakleg og full av faktiske feil, sjå sandberg-desinformerer, og burde aldri ha fått lov å passere som ei mindretalsinnstilling frå ein Stortingskomité.
LO-magasinet vel likevel å gjengje denne mindretalsinnstillinga, jamvel utan ein einaste korrigerande kommentar. Er dette uttrykk for at fagredaktøren for Norsk Jernbaneforbund og FrP sine medlemar i Transportkomitéen har same oppfatning?
FrP-representantane hevdar t.d. at Høyhastighetsringen og Norsk Bane AS har forledet ordførere og fylkespolitikere over hele landet med løfter om lyntogstasjoner i deres hjemkommuner. Dette er ein grov og heilt grunnlaus påstand. Den grundige og svært detaljerte utgreiinga til Deutsche Bahn om høgfartsbaner i Noreg konkluderar t.d. nettopp med eit finmaska nett av stasjonar for å oppnå eit maksimum av lønsemd og samfunnsnytte. Og Stortinget sa akkurat det same i NTP-vedtaket: et framtidig høyhastighetstilbud skal ikke bare skal binde sammen de store byene, men også fange opp mellomliggende trafikk.
Burde ikkje fagredaktøren for Norsk Jernbaneforbund sjå ei oppgåve i å formidle det Stortinget har vedteke, ikkje det ein gjekk imot? Og burde ikkje fagredaktøren i det minste kunne skrive eit såpass nyansert referat at ein ikkje må tru at Jernbaneforbundet – som i all hovudsak organiserer tilsette i Jernbaneverket – allierer seg med dei mest destruktive kreftene når det gjeld jernbana si utvikling i Noreg?
Jørg Westermann
dagleg leiar
Norsk Bane AS