I brevet skriv vi at departementet har særs god grunn til å avslutte arbeidet nær Moss hamn for godt og sjå snarast mogeleg på andre alternativ. Det manglar nemleg svar på sentrale spørsmål:
– vil det i det heile vere mogeleg å realisere det planlagde baneprosjekt på eit forsvarleg vis?
– kva vil prosjektet koste, dersom det faktisk skulle vere mogeleg å realisere det på forsvarleg vis?
– vil det vere riktig å ta slike tekniske og økonomiske risikoar for eit prosjekt som utanom kapasitetsauken for persontog berre vil ha negativ effekt for jernbanen og samfunnet: auka avstand frå stasjonen til Moss sentrum, lengre køyredistanse for tog til/frå Oslo, større hindre for godstrafikken, blokkering av den mest veleigna traséen for Rv 19, og ein heil rad med andre ulemper?
– vil det vere riktig å ta slike risikoar når det på statleg hald aldri blei greidd ut eit einaste traséalternativ som ikkje gjekk via det same, ekstremt kritiske området nær Moss hamn?
– vil det vere riktig å ta slike risikoar når utgreiinga frå Norsk Bane AS i 2017 viste at det faktisk finst gjennomførbare traséar gjennom langt mindre problematiske område, til klart lågare kostnader og med mykje betre funksjonalitet for jernbanen?
Vi nemner òg at vi i 2018 fekk nye opplysningar som har gjort det mogeleg å identifisere fleire, justerte traséalternativ for ny jernbane i Moss som vil vere endå enklare å realisere enn planframlegget vårt frå 2017. Er det noko som departementet no er interessert i å sjå nærare på, spør vi.
Sjå brevet vårt av 29.01.18 til statsråd Ketil Solvik-Olsen.
Biletet av statsråd Knut Arild Hareide er teke av Torbjørn Tandberg.