Framtida må på skinner
Lyntognett over store delar av landet er eit nøkkeltiltak for å møte krava til moderne mobilitet på ein berekraftig måte. Det vil knyte store deler av landet saman internt og mot Europa, redusere store avstandsulemper, fremje utvikling av heile landet og sikre store effektivitets- og produktivitetsvinstar for næringslivet.
Lyntog
Eit høgfarts banenett i fleirbrukskonsept for langdistanse-, regional/InterCity- og godstrafikk, som Stortinget peika på i Nasjonal Transportplan i 2009, vil kunne erstatte store delar av personbil-, gods- og flytrafikken, og slik bidra sterkt til å redusere dei stadig aukande klimagassutsleppa frå transportsektoren. I tillegg kjem andre miljømessige vinstar og auka trafikktryggleik med færre ulykker og dødsfall. SV ynskjer å iverksette eit arbeid med ein nasjonal plan for gods på bane.
Kombinasjonen av nærings-, samfunns- og miljømessige vinstar gjer at stadig fleire land satsar på lyntog som ein berebjelke i nasjonal kommunikasjon. Spania åleine investerer for ca. 1.000 mrd. norske kroner i lyntog fram til 2020. Noreg har eit langt meir gunstig økonomisk utgangspunkt for slike investeringar enn Spania, og stadig fleire økonomar meiner at ein større del av oljefondet bør kunne brukast til investering i infrastruktur for framtida. Det bør iverksettast eit arbeid om alternative finansieringsmodellar for større jernbaneprosjekt. Med reisetider på 2 ½ time eller mindre for personar mellom Oslo og dei store byane, inkludert fleire stopp undervegs, og 4 – 5 timar for godstrafikken, vil fleirbruks høgfartsbanar gi dei største effektane og tidsreduksjonane.
Utgreiingar viser at lyntog i fleirbruks- konsept kan vere lønsamt. Røynsler frå andre land syner at lyntog fungerer som økonomisk motor og pådrivar, gjev regionutvikling og skaper arbeidsplassar og økonomisk vekst.
Vidareutvikling av verdiskapinga i distrikts-Noreg føreset kompetanse. Dette krev at ein er attraktiv og tilgjengeleg, noko som igjen heng saman med effektiv kommunikasjon. Lyntog har stor regularitet og dei reisande er svært nøgde. Bedriftsøkonomien vert betre på grunn av raskare reisetid. Satsing på lyntog er difor god klimapolitikk, god samferdslepolitikk, god næringspolitikk og god distriktspolitikk.
Stortinget har gjeve klare føringar om utgreiingar ”med bygging av høgfartstbanar som siktemål”, og om at eit godt avgjerdsgrunnlag skal ligge føre i god tid før ny NTP skal vedtakast i 2013. SV har programfesta oppstart bygging av første bane innan 2015. Første bane bør vere ferdig innan 2023 – 2025. SV ønskjer eit fleirbrukskonsept som kan knyte mange stasjonar og regionar saman i et breitt, nasjonalt høgfartsnett – med samband vidare til Sverige og Europa.
SV vil arbeide for at Noreg ikkje lenger skal vere ein kvit flekk på det europeiske lyntogkartet. Utbygging av lyntog er verken science fiction eller månelanding, men velprøvd teknologi og ein realistisk samfunns- og nærings- og miljømessig visjon for ein framtidsretta infrastruktur for Noreg.
Lyntog er framtida, og all naudsynt opprusting av eksisterande jernbanenett bør legge til rette for framtidig høgfartsnett.
Intercity- og lokaltog
Det er ingen motsetnad mellom å satse på lokaltoget og lyntoget. Dette er satsingar som vil dra stor nytte av kvarandre.
SV i regjering har 3 – 4 dobla investeringane i nye toglinjer. Vi satsar milliardar på å ta igjen tidligare regjeringar sine forsømte vedlikehald og fornying av tognettet. SV vil prioritere ressursar til ein stor nasjonal dugnad for å få til ein kraftig forbetring av tilbodet for pendlarane.
Derfor vil SV også auke tempoet i bygginga av nye toglinjer. Tidligare vedtekne strekningar bør prioriterast. Nye linjer må både få dobbeltspor med høg kapasitet og dimensjonerast for høg fart. Køyretida på prioriterte strekningar må ned. Ein slik strategi vil i stor grad auke nytta og inntektene. Det vil skape ein revolusjon for pendlarane. Samtidig oppnår vi så raske reisetider at folk kan bu eller arbeide utanfor sentera. Press- og miljøproblemer vert redusert.
Det vil knyte saman regionar og auke den samla nytta av investeringane.
Dei nye dobbeltspora er saman med nye kryssingsspor også nødvendige for å nå høge mål om å overføre gods fra vogntog på veg til bane.
Vi vil ha ein plan for utbygging av moderne togforbindelser til våre nordiske naboland.
SV vil i neste transportplan ha tydelige tidsfrister for når de nye dobbelsporene skal være fullført. Linjene skal også kunne inngå i de framtidige høyhastighetslinjene.
Jernbanen må få ein viktig plass i regjeringens strategi for utvikling av nordområdene.
Bybaner
SV har vore ein pådrivar for Bybanen i Bergen som etter kort tids drift er ein stor suksess. Bergen har allereie planer for å utvikle et bybanenett. I fleire regioner er det lokale initiativer for å bygge ut bybaner eller superbuss på eigne traseer. Dette er imidlertid svært store investeringsløft for lokale myndigheter. Det er behov for større statlige bidrag, samtidig som lokale myndigheiter må stille opp med inntekter frå vegtrafikk og redusert vegbygging.
SV vil derfor etablere ei nasjonal satsing med ein bybanepott som både inneheld ein større statleg finansieringspott og eit nasjonalt kompetansemiljø.
Samtidig skal det knyttast klare krav for å få statleg drahjelp til å bygge ut lokale baneløysinger; lavare prioritering av vegprosjekt og innføring av tøffe virkemiddel for å redusere biltrafikken i byområda.
Bybanepakken bør administrerast gjennom same ordning som belønningsordninga for kollektivtrafikk og redusert biltrafikk.