I presentasjonen sin kom Westermann særleg inn på dei store vinstane for klima, miljø og regional utvikling ein vil kunne oppnå med moderne høgfartsbaner i Nord-Noreg. Det skuldast ikkje minst dei store fraktvoluma over lange distansar og den betydelege reiseaktiviteten, både internt i landsdelen og til og frå Sør-Noreg. Westermann la fram tal som til dømes indikerte grunnlag for minst 30 persontog per dag og retning over fylkesgrensa mellom Nordland og Trøndelag, føresett moderne baner i Nord-Noreg blir bygde som del av eit nasjonalt og nordisk høgfartsnett.

Eit anna viktig tema var utgreiingsarbeidet som no blir gjennomført på statleg hald, men som ikkje vil vere tilstrekkeg detaljert til å kunne gje grunnlag for ei investeringsavgjerd i Stortinget i 2025. Tilhøyrarane fekk vist ei rekkje ulike problemstillingar som krev detaljerte granskingar i samråd med lokale styresmaktar, fagorgan og relevante organisasjonar, òg som grunnlag for kommunane sitt eige plan- og utviklingsarbeid, til dømes i form av aktuelle omsynssoner for framtidige jernbanetraséar. Det tilseier supplerande og delvis korrigerande utgreiingar som tillegg til arbeidet på statleg hald.

Last ned Jørg Westermann sin presentasjon som pdf-fil (15 MB).

Sjå video frå presentasjonen (del 1)

Sjå video frå presentasjonen (del 2)

Bildet viser det japanske høyfartstoget E2 nær Karuizawa stasjon på høgfartsbanen til Nagano, en av de mest snørike strekningene i landet. Kilde: Wikimedia Commons, lisens CC BY-SA 3.0. Bildet er snudd horisontalt i forhold til originalen.