Lyntogforum Vestlandsbanen over Haukeli, avd. Rogaland, ønskjer velkomen til ope informasjonsmøte i lunsjtida om Vestlandsbanen over Haukeli:

 
Tid:      13.06.2017 kl. 11:30 – 12:30
Stad:    Kløver Hotel, Skulegata 1, Sauda.
Enkel servering med kaffe, te, vann, frukt, kjeks.

 
Last ned heile programmet i pdf her.  
 
Program:
11:30 Velkomen. Presentasjon av Lyntogforum Vestlandsbanen over Haukeli.
v/nestleiar i avd. Rogaland og ordførar i Sauda, Asbjørn Birkeland.
 
11:40 Vestlandsbanen over Haukeli – eit nasjonalt og regional nøkkelprosjekt
v/dagleg leiar i Norsk Bane, Jørg Westermann
 
12:00 Vestlandsbanen – status og framdrift. Saman står vi sterkare.
v/sekretær i Lyntogforum Vestlandsbanen over Haukeli, kommunikasjonssjef i Norsk Bane, Thor W. Bjørlo
 
12:20 Spørsmål/debatt/oppsummering
 
12:30 Slutt
 
Velkomen!
 
Møtet blir arrangert i samband med påfølgande generalforsamling i Norsk Bane AS same sted.
 
 
Kort om Lyntogforum Vestlandsbanen over Haukeli:
Lyntogforum Vestlandsbanen over Haukeli arbeider for høgfartsbana Oslo – Bergen, Haugesund, Stavanger i eit fleirbruks­konsept for både langdistanse-, regional- og gods­tra­fikk. Frå Norsk Bane si utgreiing med Deut­­­­sche Bahn International har vi detaljerte traséframlegg og drifts­- og samfunns­økonomis­ke analysar med svært positive resultat. Dei detaljerte planane opnar for rask realisering så snart politiske vedtak er fatta.
 
Vestlandsbanen blir også InterCitybane Bergen – Haugesund – Stavanger og gir eit stort felles arbeids- og kompetanseområde på Vestlandet, med svært korte reisetider internt, samt til/frå Austlandet. Nokre døme på reisetider til/frå Sauda er: Stavanger ca. 41 min, Haugesund 26 min, Bergen 55 min Oslo 1:45  Sjå plansje på neste side for fleire stasjonar og reisetider. Vestlandsbanen vil også gi ein påliteleg og effektiv godstransport på ca. 5 timar mellom Vestlandet og Oslo, over natta til kontinentet.
 
Vestlandsbanen er framtidsretta og smart samferdsel, som gir høg mobilitet på ein berekraftig måte. Elek­tri­fisering av store mengder overført fly-, bil- og godstrafikk til bane, vil bidra til store kutt i klimautsleppa.
 
Deutsche Bahn International konkluderer med at inntektene til banen vil vere så store at dei vil dekke både dagleg drift av toga, vedlikehald og ned­betaling av heile investeringa over 30 år. Dette blir i stor grad og stadfesta ved gjennomgang av Jern­baneverkets lyntogutredning [1].

[1] http://www.norskbane.no/upload_images/DFA245FFE91C4C34B64AFCB5962746D7.pdf