Kommunen ligg om lag midtvegs mellom Oslo, Skien, Bergen, Haugesund og Stavanger. Både Deutsche Bahn og Norsk Bane AS tilrår ein høgfartsbane som knyter saman desse byane og mellomliggjande landsdelar og som går gjennom Vinje kommune, om enn med litt ulike lineføringar.
Trafikkprognosane tilseier minst fire persontog per time og retning gjennom kommunen, og minst ein avgang per time og retning frå både Haukeli og Åmot.
Ved å førebu reguleringsarbeidet for dei mest sannsynlege traséane, vil Vinje kommune leggje ned eit avgjerande arbeid for å forsere plan- og realiseringsprosessen. Ein vil kunne spare opp til fleire år. Norsk Bane AS har tidlegare gjort merksam på dei store verdiane som ligg i slike lokale prosessar, sjå Lokal medverknad avgjerande.
Det som likevel er minst like viktig no, er at Samferdsledepartementet i tråd med Stortingsvedtaket av 11.06.09 organiserer ein plan- og realiseringsprosess som avklarar aktuelle korridorar og grunnleggjande planprinsipp for høgfartsbaner i Noreg, som tryggjer at alle framtidige baneprosjekta vert realiserte i samsvar med framtidsretta standardar (dvs. for gjennomgåande fart på minimum 250 km/t) og som siler bort lite aktuelle traséalternativ for høgfartsbaner i samråd med lokalsamfunna og som grunnlag for framtidige konsekvensutgreiingar.
Biletet viser eit område ved Flothyl, like aust for der Deutsche Bahn International tilrår austportalen til tunnelen under Haukelifjellet.