"Eit av SVs store prosjekt for tiåra som ligg føre oss, er å sikra eit rettferdig grønt skifte gjennom at staten brukar alle sine musklar for å rusta Noreg for ei framtid med mindre ulikskap og kutt i utslepp. Me skal kutta, byggja og dela – kutta utsleppa, byggja landet, dela goda. I mine auge svarar lyntog godt på alle tre punkta." Dette skriv Eirik Faret Sakariassen i en kronikk i Klassekampen 20.04.2021. Han er leiar av Lyntogforum i Rogaland og for tida møtande vararepresentant på Stortinget.
Kronikken peikar mellom anna på det store marknadsgrunnlaget for lyntog i Noreg, at høgfartsbaner i eit fleirbrukskonsept vil styrke godstrafikken på bane, at klimaverknadene som følgje av redusert fly-, trailer- og langdistanse biltrafikk vil bli store og at banene vil ha store positive verknader for både by og land.
«For alle som bur i distrikta, er dagens lange reiser til og frå flyplassane tungvinte. Lyntog kor ein gå av og på undervegs, vil gje distrikta endå kortare reisetid enn byane ved endepunkta, medan det er motsett på fly. Dagens flybaserte samferdsle verkar sentraliserande.»
Last ned kronikken frå Klassekampen sine nettsider her: https://klassekampen.no/utgave... (log in).
Eller berre teksten i pdf her.




