Illustrasjon til: Frokostseminar om ny bane Oslo – Hadeland – Gjøvik – Moelv
Publisert:
30.10.2011

Frokostseminar om ny bane Oslo – Hadeland – Gjøvik – Moelv

Regionrådet og Næringsrådet i Gjøvikregionen inviterte fredag 28.10.11 til frokostseminar om Deutsche Bahn si utgreiing av høgfartsbana Oslo – Hadeland – Gjøvik – Moelv, som ledd i eit høgfartsnettverk mellom Oslo og Trondheim / Ålesund med spor på begge sidene av Mjøsa.

Utgreiinga vart gjennomført på oppdrag frå Norsk Bane AS og femner m.a. om ei avgreiing til Jevnaker – som trasé for ei Ringeriksbane til Hønefoss, og vidare til Modum / Eiker og Hallingdalen / Hordaland.

Etter opninga ved fylkesvaraordførar i Oppland, Ivar Odnes, presenterte Deutsche Bahn sin prosjektleiar, Ottmar Grein, hovudresultata av utgreiingsarbeidet for dei om lag 70 frammøtte. Prosjektet er lønnsomt. Deutsche Bahn sine økonomiske kalkylar viser at byggjekostnadene på ca. 30 mrd. kr vil la seg betale attende i løpet av 30 års drift med overskotet frå gods- og persontrafikken. I tillegg kjem store vinstar for miljø, næringsliv og samfunnet elles.

Dagleg leiar i Norsk Bane AS, Jørg Westermann, gjekk gjennom det detaljerte framlegget til trasé. Reisetida Oslo – Gjøvik vil kome på 39 minutt, inkludert opphald på to av dei i alt åtte, planlagde stasjonane på strekninga. Til Lillehammer vil det ta 15, og til Hamar 22 minutt.

Så var det Thor Bjørlo sin tur. Han er kommunikasjonssjef i Norsk Bane AS og gjorde greie for fleirbrukskonseptet som både Deutsche Bahn og Stortinget har tilrådd i 2009. Attraktive togtilbod for både langdistanse-, regional- og godstrafikk vil gje grunnlag for god økonomi, hyppige avgangar frå mange stasjonar og stor samfunnsnytte.

Samfunnsnytten, og då særleg med tanke på næringsutvikling, var òg tema for Terje Solheim sitt innlegg. Solheim er dagleg leiar for Mustad Næringspark – som med Deutsche Bahn sitt framlegg til sporlokaliseringa i Gjøvik berre vil liggje eit steinkast frå stasjonen.

Frokostseminaret vart avslutta med spørsmål og kommentarar, og ei klår og positiv oppsumering frå møteleiar og avtroppande regionrådsleiar, Stein Knutsen.

*

Sjå rapporten om utgreiingsarbeidet her.

Planlagde stasjonar (frå sør mot nord):

Nittedal

Harestua

(Jevnaker)

Grua

Roa

Gran

Jaren

Eina

Raufoss

Gjøvik

Moelv

Lillehammer... / Brumunddal ...

Banelengde Oslo S – Moelv (forgreining ved Tolvstenene): 129,7 km

(24,55 km kortare enn via Gardermoen og Hamar etter Deutsche Bahn sitt framlegg for ny høgfartsbane)

Avgreing til og frå Gjøvik stasjon: 7,7 km

Avgreining til Moelv stasjon, retning Hamar: 4,4 km

Avgreining til Jevnaker: 18,3 km

Avgreining til Alnabru: 1,7 km

Byggjekostnad: ca. 30 mrd. kr.

Tunneldel: 40,6 % for Oslo S - Moelv, 71,1 % for Bjørgeseter - Jevnaker og 47,4 % som gjennomsnittet for heile prosjektet.

Bildet, © Norsk Bane AS, viser planovergangen over Gjøvikbana ved Eina. Høgfartsbana er planlagt vest for tettstaden og vil ikkje ha ein einaste planovergang.

Alle aktuelt

Les også:

Illustrasjon til: Interessante høringsinnspill til statsbudsjettet
Interessante høringsinnspill til statsbudsjettet
Både Lyntogforum og Norsk Bane deltok med høringsinnspill til Transport- og kommunikasjonskomiteens høring om statsbudsjettet, med frist 30.10.2025. Også høringsuttalelsen fra Besteforeldrenes klimaaksjon (BKA) legger vekt på behovet for en ny og mer offensiv jernbanepolitikk i Norge - med mye større ambisjoner enn bare bedre vedlikehold.
Publisert:
30.10.2025
Illustrasjon til: Langt bedre for villreinen med høyhastighetsbanen
Langt bedre for villreinen med høyhastighetsbanen
Lyntogforum Gudbrandsdalen/Mjøsa sin høringsuttalelse om «Forslag til tiltaksplaner for villrein i Knutshø, Snøhetta og Rondane villreinområder» viser til at høyhastighetsbanen Oslo – Trondheim/Ålesund er planlagt i tunnel under tidligere viktige reintrekk. Det vil gi langt bedre forhold for villreinen enn dagens bane i dagen gjennom disse reintrekkene, naturreservat og landskapsvernområder. Slike gunstige løsninger for reinen vil være viktig også i andre områder.
Publisert:
4.6.2025
Jente ser ut vindu i tog.
Endelig en ny høyhastighetsutredning i Norge
15. november hadde vi gleden av å presentere de første rapportene fra det spanske selskapet Sener sin utredning om høyhastighetsbanen Oslo/Skien – Bergen/Haugesund/Stavanger, kalt Vestlandsbanen. I debatten om høyhastighetsbaner i Norge har man savnet et nytt og oppdatert grunnlag, siden tidligere, omfattende utredninger nå ligger 12 år tilbake i tid. Seners utredning vil derfor være interessant også for andre aktuelle høyhastighetsbaner i Norge og til våre naboland.
Publisert:
26.2.2025
Illustrasjon til: Vellukka møte om moderne Nord-Norgebane i Tromsø
Vellukka møte om moderne Nord-Norgebane i Tromsø
«Hva ønsker vi oss av Nord-Norgebanen? Og hva skal til?» var tema for Jørg Westermann sin presentasjon på eit ope møte i Tromsø 25. april i regi av Besteforeldrenes klimaaksjon. Om lag 40 frammøtte lytta interessert til både presentasjonen frå Norsk Bane AS og til innlegget frå fylkesråd for samferdsel i Troms og Finnmark fylkeskommune og leder av Arktisk jernbaneforum, Agnete Masternes Hanssen.
Publisert:
26.4.2022
Illustrasjon til: Vurderer vi Nord-Norgebanen på rettvise premissar?
Vurderer vi Nord-Norgebanen på rettvise premissar?
I ein kronikk i avisa Nordlys og "Nordnorsk Debatt" ser dagleg leiar i Norsk Bane AS, Jørg Westermann, på potensialet til Nord-Norgebanen som del av eit nasjonalt og nordisk høgfarts-banenett. Konklusjonen er minst 20 gongar større persontogtrafikk enn Jernbanedirektoratet kom til i utgreiinga si, og store vinstar for godstrafikken.
Publisert:
26.3.2020
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapsler på denne enheten. Cookies blir brukt til å utbedre side navigering, og samle brukerstatistikk for nettsiden for å forbedre innhold og brukeropplevelse. Du kan selv administrere hva du samtykker til ved å klikke på Preferanser. Les vår Personvernerklæring for mer informasjon.