
I ei felles høyringsfråsegn til Klimakur 2030 stiller dei fem lyntogfora i Rogaland, Vestland, Vestfold og Telemark, Møre og Romsdal og Gudbrandsdalen/Mjøsa seg kritiske til delar av rapporten. Dei skriv at slik Klimakur 2030 er bygd opp, er den med på å sementere samferdslemønsteret i dag. Ein har drøfta ei rekkje tekniske løysingar til elektrifisering av ulike køyretøygrupper, men få tiltak som vil kunne redusere transportbehova eller bruken av transportformer med høge klimagassutslepp og andre alvorlige påkjenningar for natur og miljø. Jernbane er knapt nok nemnt i rapporten.
Ifølgje lyntogfora synest det som om ein i iveren til elektrifisering av samferdsla har gløymt at det allereie finst eit elektrisk drive køyretøy som er langt meir energieffektiv, arealeffektiv og kapasitetssterk enn alternativa, nemleg moderne jernbane. Lyntogfora går grundig gjennom dei ulike føremonane eit nett av høgfartsbaner vil ha for klima, miljø og økonomi, og åtvarer mot å basere samferdslepolitikken på usikre og til dels svært problematiske teknologiske nyvinningar.
Les heile fråsegna frå lyntogfora her.
Opne grafikken om energibehovet til ulike transportmidlar.
(Denne er eit vedlegg til lyntogfora si høyringsfråsegn.)




