Illustrasjon til: Jernbanedirektoratet og andre ryddejobbar
Publisert:
25.10.2022

Jernbanedirektoratet og andre ryddejobbar

Ifølgje NTB ønskjer Senterpartiet sitt landsstyre å leggje ned Jernbanedirektoratet. Det er eit riktig og nødvendig steg i rett retning. Og fleire bør følgje.

Vi forstår Senterpartiet sitt initiativ som eit ønskje om ei meir heilskapleg tenking om jernbanen. SP vil - i tråd med Hurdalsplattforma - bort frå oppsplitting og konkurranse. Då har ein ikkje bruk for ein etat som primært blei skipa for å organisere tilbodstevlingar. Men vegen til ei funksjonell organisering av jernbanen i Noreg er likevel lang, og krev meir enn berre å avvikle overflødige etatar.

Det er til dømes verdt å sjå nærare på Bane Nor sin dobbeltfunksjon. Etaten er både eigedomsutviklar og ansvarleg for jernbanen sin infrastruktur. Der kan det lett oppstå uheldige interessemotsetnader. I Moss har Bane Nor til dømes fått lov til å rive ein heil bydel (nær 90 hus) for å byggje ny bane, mellom anna i ein underjordisk betongtunnel i kvikkleire. Dersom prosjektet faktisk skulle bli mogeleg å fullføre på forsvarleg vis ein dag på 2030-talet, vil Bane Nor – som eigedomsutviklar – kunne bokføre betydelege verdiar, sidan dei då vil eige store, attraktive areal i sentrum av Moss. Vi har ikkje grunn til å tru at utsiktene til eigedomsutvikling i Moss har vore medverkande til Bane Nor si tilråding om ny trasé for jernbanen, men meiner likevel at eit organisatoriske skilje vil vere nyttig for å unngå den type mistankar.

Ei anna viktig politisk oppgåve blir å få orden på planarbeidet for jernbanen. For dei som er opptekne av klima, natur og miljø, og som arbeider for reelle alternativ til øydeleggjande motorvegbygging, må det vere sårt å vere vitne til mange av dei planlagde eller gjennomførde baneprosjekta. Det gjeld mellom anna for nye spor i verna våtmark (Hole og Ringerike), fuglefredingsområde (Vorma i Eidsvoll), viktige strandsoner og friluftsområde (Mjøsa, Eidsvoll og Stange) og tvers gjennom heile bydelar (Moss, Larvik, m.m.). Her er det spesielt urovekkjande at det ikkje er gjennomført tilstrekkelege analysar av alternativ. Kan det hende at ein systemfeil gjer seg gjeldande?

Det må òg vere ein tankekross at banebygging i Noreg fleire stader er tre til fem gongar dyrare enn banebygging i utlandet, sjølv i liknande terreng og ved elles samanliknbare tilhøve. Mange baneinvesteringar har òg underleg liten effekt. Her er det mykje som er viktig å ha undersøkt og finne konstruktive løysingar på. Slike løysingar bør bli utvikla i dialog med dei det gjeld, men vil òg kunne femne om organisatoriske endringar og tiltak til etablering av nye «kulturar».

Vi vil difor gje honnør til Senterpartiet for eit viktig initiativ i dag og ser fram til vidare oppfølging.

Biletet er teke i 2012 ved Dytterud i Eidsvoll kommune. I dag er bygningane fjerna og ein ny, dobbeltspora bane er i ferd med å ta form, for ein stor del på fylling i fuglefredingsområdet i Vorma (særleg utanfor høgre biletkant).

Alle aktuelt

Les også:

Jente ser ut vindu i tog.
Endelig en ny høyhastighetsutredning i Norge
15. november hadde vi gleden av å presentere de første rapportene fra det spanske selskapet Sener sin utredning om høyhastighetsbanen Oslo/Skien – Bergen/Haugesund/Stavanger, kalt Vestlandsbanen. I debatten om høyhastighetsbaner i Norge har man savnet et nytt og oppdatert grunnlag, siden tidligere, omfattende utredninger nå ligger 12 år tilbake i tid. Seners utredning vil derfor være interessant også for andre aktuelle høyhastighetsbaner i Norge og til våre naboland.
Publisert:
26.2.2025
Illustrasjon til: Blir du med og tenker litt større, Støre?
Blir du med og tenker litt større, Støre?
Støre syntes det var fint å kjøre lyntog i Kina, med litt over fire timer for ei strekning nesten like lang som Oslo–Tromsø. Men han så ikke for seg å knytte Norge bedre sammen med høyhastighetsbaner. Her går nesten alle jernbanemidlene til det sentrale Østlandet. Markedet, mulighetene og behovene for raske, moderne tog i resten av landet har man tydeligvis vanskelig for å se. Slik innleder lederne og sekretær i Lyntogforum Vestlandsbanen kronikken sin i Stavanger Aftenblad 26.11.2024.
Publisert:
30.11.2024
Illustrasjon til: Innlegg: Norsk export og næringspolitikk
Innlegg: Norsk export og næringspolitikk
Et nett av høyhastighetstog vil knytte hele Sør-Norge, på sikt også Nord-Norge, tett sammen, skriver Ivar Sætre i et innlegg i Sunnmørsposten i dag.
Publisert:
18.9.2024
Illustrasjon til: Ny høyhastighetsutredning kommer. Første del i november, siste del i januar
Ny høyhastighetsutredning kommer. Første del i november, siste del i januar
Det spanske selskapet Sener er nå i innspurten av en ny høyhastighets-utredning. I første omgang undersøker Sener Vestlandsbanen over Haukeli, men resultatene herfra vil ha stor betydning også for andre strekninger og for utviklingen av norsk jernbane generelt. Norsk Bane, er oppdragsgiver for utredningen.
Publisert:
18.9.2024
Illustrasjon til: Faglig vurdering av KVU Nord-Norgebanen
Faglig vurdering av KVU Nord-Norgebanen
På oppdrag fra Troms og Finnmark fylkeskommune har Norsk Bane AS gått gjennom Jernbanedirektoratets konseptvalgutredning om Nord-Norgebanen, som ble lagt fram 27.9.2023.
Publisert:
14.11.2023
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapsler på denne enheten. Cookies blir brukt til å utbedre side navigering, og samle brukerstatistikk for nettsiden for å forbedre innhold og brukeropplevelse. Du kan selv administrere hva du samtykker til ved å klikke på Preferanser. Les vår Personvernerklæring for mer informasjon.