
I eit innlegg i Stavanger Aftenblad går Jostein Soland, styreleiar i Norsk Bane AS, gjennom høgfartsutgreiingane til Jernbaneverket og Deutsche Bahn International, og spør korleis to ulike fagmiljø kunne kome til heilt ulike konklusjonar.
Soland refererer interessante historiske detaljar, og gjer merksam på at "en ny og oppdatert utredning av Vestlandsbanen over Haukeli [nå] er på trappene". Han ser fram til den politiske utviklinga og til Stavanger kommune sitt bidrag til finansieringa.
Les heile innlegget i Stavanger Aftenblad!
Biletet er frå jernbanestasjonen i Stavanger. Vestlandsbanen sine spor i retning Haugesund, Bergen, Skien og Oslo er planlagde bakom lokaltoget på biletet, første del omtrent der det i dag går eit spor i tunnel mot Vågen, men så i ei meir vestleg retning, der fjelloverdekninga blir større.




