Illustrasjon til: Lokal medverknad avgjerande
Publisert:
24.8.2009

Lokal medverknad avgjerande

Aftenposten skriv i dag at eit breitt Stortingsfleirtal ønskjer ei forsert realisering av høgfartsbaner i Noreg. Stortinget ser ikkje bort frå at ein somme stader vil måtte ty til ein statleg reguleringsplan. Det inneber at Samferdsledepartementet vil ta avgjerd i spørsmål som normalt er eit kommunalt ansvar.

Norsk Bane AS ser positivt på at Stortinget ønskjer å forsere plan- og realiseringsarbeidet. Selskapet byrja difor alt for mange år sidan med å utarbeide svært detaljerte framlegg til lineføring for om lag to tusen kilometer ny bane i Noreg. I dag rår ein over omfattande kunnskapar og datasamlingar om aktuelle og mindre aktuelle høgfartstraséar i Noreg.

Dette materialet vil Norsk Bane AS kunne stille til rådvelde for eit forsert planarbeid. Slik vil ein kunne korte inn realiseringsprosessen med opp til fleire år. For selskapet har ikkje berre gjennomført granskingar på eiga hand, men svært mange stader òg hatt drøftingar med lokalsamfunna. Denne dialogen med grunneigarar, styresmaktar og lokalbefolkninga har vore ein avgjerande ressurs. Den har tilført traségranskingane viktig og verdfull informasjon om verneverdige natur- og kulturkvalitetar, ras­farlege område, regionale samferdslemønstre og andre lokale tilhøve med stor betydning for å utvikle gode baneløysingar. Samstundes har eit utstrekt informasjonsarbeid medverka til god lokal innsikt og eit breitt engasjement for å realisere høgfartsbaner i Noreg. Det er ikkje tilfeldig at ein finn det sterkaste engasjementet for høgfartsbaner nett i dei landsdelane der Norsk Bane AS har hatt den mest intensive dialogen om konkrete traséløysingar. Det er også der ein har gjort mest, ikkje minst gjennom kommunale planvedtak, for å hindre at dei gunstigaste banetraséane vert nytta til bustader, industritomter eller vegføremål.

Stortinget gjer klokt i å ikkje ville utelukke einkvar statleg reguleringsplan. Men det viktigaste er no å organisere ein prosess som tryggjer god framdrift i realiseringsarbeidet. Det skjer best når ein kompetent plan- og realiseringsorganisasjon med klåre nasjonale mål og omfattande detaljkunnskapar har eit utstrekt samspel med lokalsamfunna. Berre slik vil ein kunne hente inn all nødvendig informasjon om lokale tilhøve, tryggje brei aksept for lineføringene og få dei nødvendige avklaringane og vedtaka på kortast mogeleg tid. Dei første banene kan kome i drift i god tid før 2020.

Det føreset at lokalsamfunna kjenner seg verdsette og at ein respekterer den kommunale avgjerdsmynda. Ein statleg reguleringsplan må aldri bli anna enn ei unnataksløysing. Dette er òg nedfelt i plan- og bygningslova. Norsk Bane AS er difor mest oppteke av å få medverke til etableringa av ein plan- og realiseringsorganisasjon der ein saman med Jernbaneverket og andre, og i eit intensivt samarbeid med aktuelle kommunar utviklar konkrete løysingar for eit nett av høgfartsbaner i Noreg. Det er dette som haster mest.

Alle aktuelt

Les også:

Jente ser ut vindu i tog.
Endelig en ny høyhastighetsutredning i Norge
15. november hadde vi gleden av å presentere de første rapportene fra det spanske selskapet Sener sin utredning om høyhastighetsbanen Oslo/Skien – Bergen/Haugesund/Stavanger, kalt Vestlandsbanen. I debatten om høyhastighetsbaner i Norge har man savnet et nytt og oppdatert grunnlag, siden tidligere, omfattende utredninger nå ligger 12 år tilbake i tid. Seners utredning vil derfor være interessant også for andre aktuelle høyhastighetsbaner i Norge og til våre naboland.
Publisert:
26.2.2025
Illustrasjon til: Blir du med og tenker litt større, Støre?
Blir du med og tenker litt større, Støre?
Støre syntes det var fint å kjøre lyntog i Kina, med litt over fire timer for ei strekning nesten like lang som Oslo–Tromsø. Men han så ikke for seg å knytte Norge bedre sammen med høyhastighetsbaner. Her går nesten alle jernbanemidlene til det sentrale Østlandet. Markedet, mulighetene og behovene for raske, moderne tog i resten av landet har man tydeligvis vanskelig for å se. Slik innleder lederne og sekretær i Lyntogforum Vestlandsbanen kronikken sin i Stavanger Aftenblad 26.11.2024.
Publisert:
30.11.2024
Illustrasjon til: Innlegg: Norsk export og næringspolitikk
Innlegg: Norsk export og næringspolitikk
Et nett av høyhastighetstog vil knytte hele Sør-Norge, på sikt også Nord-Norge, tett sammen, skriver Ivar Sætre i et innlegg i Sunnmørsposten i dag.
Publisert:
18.9.2024
Illustrasjon til: Ny høyhastighetsutredning kommer. Første del i november, siste del i januar
Ny høyhastighetsutredning kommer. Første del i november, siste del i januar
Det spanske selskapet Sener er nå i innspurten av en ny høyhastighets-utredning. I første omgang undersøker Sener Vestlandsbanen over Haukeli, men resultatene herfra vil ha stor betydning også for andre strekninger og for utviklingen av norsk jernbane generelt. Norsk Bane, er oppdragsgiver for utredningen.
Publisert:
18.9.2024
Illustrasjon til: Faglig vurdering av KVU Nord-Norgebanen
Faglig vurdering av KVU Nord-Norgebanen
På oppdrag fra Troms og Finnmark fylkeskommune har Norsk Bane AS gått gjennom Jernbanedirektoratets konseptvalgutredning om Nord-Norgebanen, som ble lagt fram 27.9.2023.
Publisert:
14.11.2023
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapsler på denne enheten. Cookies blir brukt til å utbedre side navigering, og samle brukerstatistikk for nettsiden for å forbedre innhold og brukeropplevelse. Du kan selv administrere hva du samtykker til ved å klikke på Preferanser. Les vår Personvernerklæring for mer informasjon.