Illustrasjon til: Ny spansk høgfartsbane til interessant kostnad
Publisert:
31.10.2020

Ny spansk høgfartsbane til interessant kostnad

Måndag, 26.10.20, opna Spania den 111 km lange høgfartsbanen mellom Zamora og Pedralba de la Pradería, som inngår i høgfartsbanen mellom Madrid og Galicia (mellom anna til Santiago de Compostela). Banen blei bygd for 89 mill. kr per kilometer, inkludert meirverdiavgift. Det er ein tiandel eller mindre av kostnadene som Bane Nor opererer med, til dømes for nye spor i Østfold.

Den nye, dobbeltspora høgfartsbanen er dimensjonert for opp mot 350 km/t og har 14 større bruer med ei samla lengd på 3,9 km og ni tunnelar på til saman 4,9 km. Strekninga går stort sett gjennom ganske enkelt terreng, med mykje tørr sand, og er ikkje planlagd for godstrafikk. Banen har heller ikkje skjener på ein betongbane, men på sviller i pukk. Ein kan difor ikkje utan vidare bruke byggjekostnaden på 89 mill. kr per km bane (sjå http://prensa.adifaltavelocida... , ved 1 Euro = 11 NOK) som referanse for baneprosjekt i Noreg, også av di lønsnivået er noko høgare enn i Spania.

På norske strekningar på stabil undergrunn og med få bruer og tunnelar, slik dei til dømes er planlagde for Vestlandsbanen i delar av Tysvær og Vindafjord kommune i Nord-Rogaland eller undersøkte på sørsida av ein tunnel under Saltfjellet i Nordland, vil ein likevel kunne rekne med byggjekostnader på under 150 mill. kr pr. km bane.

Kostnaden til den nye høgfartsbanen i Spania harmonerer elles godt med røynslene frå andre baneprosjekt i Europa. Kostnadene ligg ofte på om lag 150 - 250 mill. kr per km bane, men ved vanskelege grunnforhold og/eller mange tunnelar og bruer kan kostnadene overstige 300 mill. kr per km bane. Det er likevel berre ein brøkdel av summane på 800 - 1500 mill. kr per km bane, som Bane Nor opererer med for nye spor i tidlegare Østfold fylke. Sjå også "Korleis stanse sløsing og feilinvesteringar?"

Figuren nedanfor viser kostnadstal for nokre fullførde baneprosjekt i Sverige, Spania, Frankrike og Tysland, opna det siste tiåret, med banelengder, opningsår og kostnad per km dobbeltspora bane. Oppgåvene i Euro eller svenske kroner i rekna om til norske kroner med vekslingskursen i opningsåret og framskrivne til 2019 med norsk byggjeprisindeks for veganlegg.

Her er kjeldene, med einskilde kommentar.

Byggjekost.gif

Kostnadene for den nye spanske høgfartsbanen og for andre, liknande banesamband viser òg at banebygging i enkelt terreng og på stabil undergrunn som oftast vil koste under halvparten av å byggje banen på bru på slik terreng, slik det blir argumentert for frå einskilde hald. Samstundes må ein for baner på bru over enkelt og stabilt terreng rekne med minst dobbelt eller tre gongar så store utslepp av klimagassar i byggjeperioden som for banesamband nær bakkenivå.

Biletet øvst i oppslaget viser det spanske høgfartstoget S102 nokre mil nord for Málaga, på ein annan av dei mange høgfartsbanene i Spania. Her er ein versjon av biletet med større oppløysing.

Alle aktuelt

Les også:

Illustrasjon til: Interessante høringsinnspill til statsbudsjettet
Interessante høringsinnspill til statsbudsjettet
Både Lyntogforum og Norsk Bane deltok med høringsinnspill til Transport- og kommunikasjonskomiteens høring om statsbudsjettet, med frist 30.10.2025. Også høringsuttalelsen fra Besteforeldrenes klimaaksjon (BKA) legger vekt på behovet for en ny og mer offensiv jernbanepolitikk i Norge - med mye større ambisjoner enn bare bedre vedlikehold.
Publisert:
30.10.2025
Illustrasjon til: Langt bedre for villreinen med høyhastighetsbanen
Langt bedre for villreinen med høyhastighetsbanen
Lyntogforum Gudbrandsdalen/Mjøsa sin høringsuttalelse om «Forslag til tiltaksplaner for villrein i Knutshø, Snøhetta og Rondane villreinområder» viser til at høyhastighetsbanen Oslo – Trondheim/Ålesund er planlagt i tunnel under tidligere viktige reintrekk. Det vil gi langt bedre forhold for villreinen enn dagens bane i dagen gjennom disse reintrekkene, naturreservat og landskapsvernområder. Slike gunstige løsninger for reinen vil være viktig også i andre områder.
Publisert:
4.6.2025
Jente ser ut vindu i tog.
Endelig en ny høyhastighetsutredning i Norge
15. november hadde vi gleden av å presentere de første rapportene fra det spanske selskapet Sener sin utredning om høyhastighetsbanen Oslo/Skien – Bergen/Haugesund/Stavanger, kalt Vestlandsbanen. I debatten om høyhastighetsbaner i Norge har man savnet et nytt og oppdatert grunnlag, siden tidligere, omfattende utredninger nå ligger 12 år tilbake i tid. Seners utredning vil derfor være interessant også for andre aktuelle høyhastighetsbaner i Norge og til våre naboland.
Publisert:
26.2.2025
Illustrasjon til: Vellukka møte om moderne Nord-Norgebane i Tromsø
Vellukka møte om moderne Nord-Norgebane i Tromsø
«Hva ønsker vi oss av Nord-Norgebanen? Og hva skal til?» var tema for Jørg Westermann sin presentasjon på eit ope møte i Tromsø 25. april i regi av Besteforeldrenes klimaaksjon. Om lag 40 frammøtte lytta interessert til både presentasjonen frå Norsk Bane AS og til innlegget frå fylkesråd for samferdsel i Troms og Finnmark fylkeskommune og leder av Arktisk jernbaneforum, Agnete Masternes Hanssen.
Publisert:
26.4.2022
Illustrasjon til: Vurderer vi Nord-Norgebanen på rettvise premissar?
Vurderer vi Nord-Norgebanen på rettvise premissar?
I ein kronikk i avisa Nordlys og "Nordnorsk Debatt" ser dagleg leiar i Norsk Bane AS, Jørg Westermann, på potensialet til Nord-Norgebanen som del av eit nasjonalt og nordisk høgfarts-banenett. Konklusjonen er minst 20 gongar større persontogtrafikk enn Jernbanedirektoratet kom til i utgreiinga si, og store vinstar for godstrafikken.
Publisert:
26.3.2020
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapsler på denne enheten. Cookies blir brukt til å utbedre side navigering, og samle brukerstatistikk for nettsiden for å forbedre innhold og brukeropplevelse. Du kan selv administrere hva du samtykker til ved å klikke på Preferanser. Les vår Personvernerklæring for mer informasjon.