Illustrasjon til: Styreleiar i Norsk Bane AS, Jostein Soland, har gått bort
Publisert:
18.2.2025

Styreleiar i Norsk Bane AS, Jostein Soland, har gått bort

Jostein Soland er død, 80 år gamal. Ein samfunnsbyggjar av dimensjonar har gått bort. Ein som ville få ting til å skje og visste korleis det skulle gjerast.

Jostein Soland hadde eit klårt blikk for dei lange linjene, og var ein meistar i å ordleggje seg både diplomatisk og tydeleg. Han torde òg å satse på det han meinte var viktig.

Jostein Soland kunne sine saker, formidla visjonar og la fram sylskarpe analysar med mild Rogalands-dialekt. Han var ein briljant kommunikator og fekk alle til å kjenne seg velkomne. Jostein Soland sette spor etter seg; i samfunnet, i organisasjonane han var aktiv i, og i folk han møtte.

Vi i Norsk Bane AS hadde gleda av å bli kjende med Jostein Soland for om lag 20 år sidan. Han var då direktør i Stavanger Næringsforening og forstod straks kva eit moderne banenett for raske tog ville bety for Vestlandet og resten av Noreg. Han tileigna seg raskt betydelege kunnskapar.

Jostein Soland opna dørene i næringsforeininga for orienteringar, slik at medlemane kunne gjere seg kjende med planane våre og dei svært positive konklusjonane som dåverande Deutsche Bahn International (DBI) hadde kome til i utgreiinga deira om høgfartsbaner i Norge, på oppdrag av Norsk Bane AS.

Jostein Soland lukkast òg i å utvikle eit godt samarbeid med næringsforeiningar i andre delar av landet. Mellom 2009 og 2012 arrangerte næringsforeiningane i Stavanger, Haugesund, Bergen, Kristiansand, Ålesund og Oslo, med Jostein Soland som primus motor, fleire større møte om høgfartsbaner, med representantar frå DBI og mange andre kunnskapsrike innleiarar. Jostein Soland var gjennom mange år ein verdfull og kompetent ambassadør for ei ambisiøs og framtidsretta satsing på jernbanen i Noreg

I juni 2023 valde generalforsamlinga i Norsk Bane AS Jostein Soland til styreleiar. På dette tidspunktet hadde vi kome langt i å førebu ei ny utgreiing om Vestlandsbanen over Haukeli, men var ikkje heilt i mål. Jostein Soland sin innsats var avgjerande for å få dette i hamn. Og i et større oppslag i Stavanger Aftenblad 03.09.2023 trakk han fram arbeidet for Vestlandsbanen som sitt siste store oppdrag.  

Hausten 2023 og våren 2024 leia Jostein Soland styrearbeidet med stødig hand og hans verdfulle politiske og mellommenneskelege innsikt. Framleis sprudlande vital, full av verketrong, humor, vitelyst og skaparvilje. Hausten 2024 blei han diverre sjuk og måtte be om permisjon. Likevel følgde han arbeidet tett og gav mange gode råd.

Jostein Soland  har gjort mykje for oss og andre, og vore ein inspirator i mangt og mykje. Vi er takksame for den tida og det samarbeidet vi fekk ha med han. Vi, og mange andre, saknar han djupt. Varme tankar går difor òg til familien, som han sette så høgt.

Norsk Bane AS

    Thor W. Bjørlo og Jørg Westermann

Biletet er teke på Rosenkildehuset i Stavanger i 2009, under eitt av møta som Jostein Soland (nr. 2 frå venstre) fekk arrangert for Stavanger Næringsforening. Der står Jostein Soland saman med Michael Engelskirchen, Ottmar Grein og Berthold Krall (alle tre frå Deutsche Bahn International, til høgre for Soland), Thor W. Bjørlo (lengst til høgre) og Jørg Westermann (lengst til venstre).

Fotograf: Fredrik Refvem / Stavanger Aftenblad. Fotografen gav samtykkje til at Norsk Bane AS kan bruke biletet i denne samanhengen.

Alle aktuelt

Les også:

Jente ser ut vindu i tog.
Endelig en ny høyhastighetsutredning i Norge
15. november hadde vi gleden av å presentere de første rapportene fra det spanske selskapet Sener sin utredning om høyhastighetsbanen Oslo/Skien – Bergen/Haugesund/Stavanger, kalt Vestlandsbanen. I debatten om høyhastighetsbaner i Norge har man savnet et nytt og oppdatert grunnlag, siden tidligere, omfattende utredninger nå ligger 12 år tilbake i tid. Seners utredning vil derfor være interessant også for andre aktuelle høyhastighetsbaner i Norge og til våre naboland.
Publisert:
26.2.2025
Illustrasjon til: Blir du med og tenker litt større, Støre?
Blir du med og tenker litt større, Støre?
Støre syntes det var fint å kjøre lyntog i Kina, med litt over fire timer for ei strekning nesten like lang som Oslo–Tromsø. Men han så ikke for seg å knytte Norge bedre sammen med høyhastighetsbaner. Her går nesten alle jernbanemidlene til det sentrale Østlandet. Markedet, mulighetene og behovene for raske, moderne tog i resten av landet har man tydeligvis vanskelig for å se. Slik innleder lederne og sekretær i Lyntogforum Vestlandsbanen kronikken sin i Stavanger Aftenblad 26.11.2024.
Publisert:
30.11.2024
Illustrasjon til: Innlegg: Norsk export og næringspolitikk
Innlegg: Norsk export og næringspolitikk
Et nett av høyhastighetstog vil knytte hele Sør-Norge, på sikt også Nord-Norge, tett sammen, skriver Ivar Sætre i et innlegg i Sunnmørsposten i dag.
Publisert:
18.9.2024
Illustrasjon til: Ny høyhastighetsutredning kommer. Første del i november, siste del i januar
Ny høyhastighetsutredning kommer. Første del i november, siste del i januar
Det spanske selskapet Sener er nå i innspurten av en ny høyhastighets-utredning. I første omgang undersøker Sener Vestlandsbanen over Haukeli, men resultatene herfra vil ha stor betydning også for andre strekninger og for utviklingen av norsk jernbane generelt. Norsk Bane, er oppdragsgiver for utredningen.
Publisert:
18.9.2024
Illustrasjon til: Faglig vurdering av KVU Nord-Norgebanen
Faglig vurdering av KVU Nord-Norgebanen
På oppdrag fra Troms og Finnmark fylkeskommune har Norsk Bane AS gått gjennom Jernbanedirektoratets konseptvalgutredning om Nord-Norgebanen, som ble lagt fram 27.9.2023.
Publisert:
14.11.2023
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapsler på denne enheten. Cookies blir brukt til å utbedre side navigering, og samle brukerstatistikk for nettsiden for å forbedre innhold og brukeropplevelse. Du kan selv administrere hva du samtykker til ved å klikke på Preferanser. Les vår Personvernerklæring for mer informasjon.