
Besteforeldrenes klimaaksjon har laga eit oppslag om kor viktig det er å ta i bruk energieffektive transportformer som moderne jernbane. Det er ikkje tilstrekkeleg å erstatte bensin- og dieseldrivne bilar og fly med elektriske variantar. Til det har vi rett og slett ikkje nok fornybar energi.
For å utdjupe dette, har Klimaaksjonen intervjua Thor W. Bjørlo, kommunikasjonssjef i Norsk Bane AS. I oppslaget er det òg ei lenke til Norsk Bane AS si nettside om den planlagde Vestlandsbanen over Haukeli, som inneheld mykje detaljert informasjon om ulike aspekt med relevans for klimaeffektane av moderne jernbaner. Her inngår mellom anna utslepp i byggje- og driftsfasen, og konsekvensane som følgje av endra energibehov og ulike samfunnsendringar.
Les oppslaget til Bestforeldrenes klimaaksjon her!
Biletet ovanfor er brukt som illustrasjon i Klimaaksjonen sitt oppslag og viser eit fransk tog med over 30 års (høg)fartstid.




